Foto:
Start:
28/3/2026
1:00
Slutt:
6/4/2026
12:00
Pris:

Påskeeggjakt

Haren er visst tidleg verpesjuk i år, så alt på palmelørdag skal han ha lagt ti egg rundtomkring på Bjoa. For å vera med på jakta, må du følja med på Farebooksida til Bjoa Bygdeutviklingslag (BBU) der det blir lagt ut hint om kor haren har hoppa, og oppdateringar etterkvart som nokon er funne.

Reglane er enkle: Finn du egget, er det ditt! Me blir veldig glade om du deler eit bilete av finnaren og kor det blei funne på BBU si Fb-side. Kjekt for alle å følja med, og greitt for andre "eggejegrar" å vita kor dei ikkje treng leita... Jakta er for alle folk i alle aldrar, og sjølvsagt gratis. Skitt jakt!

Lag knytt til arrangementet

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.