Pubkveld med VM-kamp Noreg - Frankrike på Bjoa Bygdahus
Fredag 26. juni inviterer Bjoa Bygdeutviklingslag til pubkveld på Bjoa Bygdahus når Noreg møter Frankrike i VM! ⚽
Dørene opnar kl. 18.00, så kom gjerne tidleg og lad opp til kamp.
Blir vêret fint, legg me til rette for at ein kan sitje ute før kamp og nyte sommarkvelden. Og inne kl 2100 blir det fotball på storskjerm, godt lydanlegg og skikkeleg VM-stemning! 🔥
Det blir enkel matservering, snacks, pub og god stemning 😎
Arrangementet har 18-års aldersgrense.
Ta med deg vennegjengen, naboen eller familien og bli med og hei fram Noreg saman med oss!
Dette blir ein skikkeleg kjekk kveld, håpar me sjåast!
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.