Arkivert
Herman Westerman
Foto:

Bygdeborga på Steinsland

Restane etter bygdeborga på Bjoa ligg på Steinslandssåto, 249 m.o.h, ho stikk ca 50 meter opp frå terrenget rundt, og frå toppen skal ein kunne sjå heile sju kyrkjesokn.

Forskarane veit ikkje så mykje om bygdeborgene, men me har om lag 300 av dei i Noreg, og ein finn dei frå Østfold til Harstad.

Ein reknar med at bygdeborgene var forsvarsanlegg, men me veit ikkje kven som bygde dei, eller korleis bruken var. Det ein veit er at dei som regel ligg på høge nutar, eller bratte berg slik at det ikkje skal vere lett for uvedkommande å ta seg inn. På den sida der det er lettast å kome til, finn ein gjerne restar etter murar.

Bygdeborga på Steinslandssåto  er ei av dei mindre borgene, flaten er ca 20 x 30m. I 1981 fekk ein stadfesta fem til seks forseinkningar i bakken, noko som indikerer at dette er restar etter bygningar. Med C-14 metoden har ein datert trekol frå ein av desse til 330-110 e.v.t og då er me attende til slutten av romartida, eller byrjinga av folkevandringstida.

Steinslandssåto er ein bratt, rund fjellknaus som ein berre kjem til frå eit smalt parti. Vidare finn ein at borga har hatt skanse med ein 40 meter lang steinmur og 2-3 korte murar på tvers av ei hylle mot sør.

Innanfor murane ligg ei stor steinrøys, dette kan vere restar etter ei gravrøys, men dette er ikkje stadfesta. Ein annan teori er at dette rett og slett er steinar som låg klare om ein skulle måtte forsvare seg mot inntrengjarar. På toppen er det eit nesten flatt parti der ein  finn hustuftene.

Steinslandssåto er eit ynda turmål for folk i frå Bjoa,  det er skrudd inn klatreruter for dei som likar å klatre, og i 2018 blei det til og med inngått ekteskap på toppen av «såto». Ein skikkeleg fleirbrukstopp med andre ord.

Takk til Ingrid Steinsland for god hjelp med kjeldematerialet.

Les meir

Indrelid, Svein «Fornminne og fornminnevern i Ølen kommune»

Segn & Soge 1984

Foto: Linn Gjerde.