Arkivert
Ernst Arne Sælevik
Foto:

Om Haugsgjerdet

Namnet Haugsgjerdet har ikkje eksistert i så mange år. Jojo, ein 100 års tid eller så er jo lenge det. Eigentleg er gardsnamnet frå gamalt av Hauge, inndelt i Øvre Hauge og Nedre Hauge. «Hoije», sa dei gamle. Dei budde på «Hoije». Det var då Mons Hauge rundt 1915 starta handel frå nytt hus ved hovudvegen på toppen av «Monsabrekko» og seinare fekk postkontor, at bygdanamnet vart endra. Poststyringa i Bergen fann ut at det var for mange poststader med namnet Hauge i landet og bestemte at postkontoret Hauge på Bjoastranda skulle heita Haugsgjerdet. Og slik har det vore sidan. Med i Haugekrinsen (tidlegare skulekrins) er og Brandøy i vest, Lio i sør og Saltvik i aust.

At gardsnamnet i si tid vart heitande Hauge, var eigentleg naturleg. Sjølv om vegen gjennom bygda er mykje flatlend, kan ein sjå at både ovom og nedom hovudvegen er landskapet elles  mykje «haug og homp» med ein del dyrka mark innimellom. 

Hauge har alltid vore ei jordbruksbygd med stort sett spreidd busetnad. Bustadar utanom dei einskilde gardsbruk er for det meste sett opp langs hovudvegen gjennom bygda. Storfe, mjølkeproduksjon, gris og litt sauer er husdyra i bygda, og desse utgjer saman med grasproduksjon hovudnæringa for gardsbruka i dag.

Brandøy Misjons- og Konferansesenter høyrer også med til arbeidsplassane i bygda. 

Haugsgjerdet har sitt eige «Samfunnshus», Haugsbu. Frå skulehuset vart bygt i 1922 var det bygdaskule her til Bjoa Sentralskule tok til i 1963. Bygdefolket tok då over skulestova, som seinare fekk påbygg med kjøken. Huset har sidan vore nytta av bygda og andre som forsamlingslokale av ymse slag.  

Sommaridyll på Haugsgjerdet

Noko tomteland eller byggjefelt er ikkje i kommunale planar for Haugsgjerdet. Men ein sjeldan gong innimellom kjem det opp eit nytt bustadhus eller ei hytte i bygda. Fleire av bustadhusa på Hauge er i dag nytta som fritids og ferie-opphaldsstader. Ein hende gong kjem óg slike for sal. 

Haugsbuen har grei tilkomst til sjø med fiske, båt og badeliv når det høver slik. Det er og høve til å leiga hytter med båtplass. I si tid hadde bygda fast stoppestad for HSD sine rutebåtar som la til ved kaien på Laberget.

Det er nokså brattlendt frå bygda og opp til fjells. Enno finnest det restar av stiar og gamle driftevegar for buskapen som skulle til fjells. I seinare tider har det kome godt farande skogsvegar eit stykkje oppover. Såleis går ei raudmerka løype frå Øvre hauge innom Haugsgjerdet sitt Hovda, der det er eit flott og nært utsiktspunkt over bygda, med bord og benk for ro og fred.

Solnedgong på Hovda ein sommarkveld

Vidare kan ein følgja skogsveg og skogssti oppover til Svaleberg, som er eit fjellplatå høgt oppunder Haugsfjellet. Der er utsikta vidsveimt over mykje av Bjoastranda og Sunnhordland. Ifrå Svaleberg er turen vidare opp til Gråhorgjo i ulendt terreng etter måten grei å finna fram til, når du veit retninga.

Tekst og foto: Ernst Arne Sælevik