Arkivert
EAS
Foto:

Vipa - ein kjærkomen gjest

Vipeliv på Haugsgjerdet

Våren 2017 hadde eg endeleg høve til  å sitja ute med frukosten på fine morgonar og ta inn livet i bygda rundt meg. Det var då eg vart merksam på vipa som med sin karakteristiske låt og flotte slag og vendingar i lufta hevda sitt revir.

Dei siste åra før dette har eg ikkje lagt merke til vipa på Haugsgjerdet. Det har liksom vore stilt med  «vipelydar». Men sakta har vipa vore tilstades år om anna i dei meir enn 25 åra eg har budd her. Vipeungar har me sett ein sjeldan gong i vegkanten. Men med reir på slåttemark og møkaspreiing i rugetida skal det godt gjerast å gå klar.

Som sagt, denne våren kunne eg fylgja meir med på korleis det gjekk. Med kikkert frå kjøkenglaset og god oversikt ute, fann eg ut kvar vipeparet hadde reiret sitt. Men korleis skulle det gå under møkaspreiinga dette året? Med bonden på laget vart me samde om at han skulle holva ei bøtte over reiret på «møkadagen». Ein markeringspinne vart sett ned i nærleiken av reiret med fire egg for å finna det lett att. Dette gjekk fint.

Etterkvart som graset vaks, vart det mindre og mindre å sjå av ho som låg på reiret og vrei på hovudet heile tida for å fylgja med på alt som hende rundt seg. Til sist stakk berre den flotte fjørpynten på hovudet opp i lag med grastustane og fortalde at ho var der endå. Men so ein dag etter særs god grasvekst var ho gøymd.

No hadde det seg slik at på oppsida av vegen hadde engmarka hausten før vorten pløydd opp på nytt for isåing av gras. Atteleggjet vart liggjande ope vår og sumar 2017.

Og so ein dag var vipefar og vipemor og alle fire ungane flytta over vegen og inn på atteleggjet. Her gjekk ungane og beita på småkryp og makk heile dagane til endes. Ein av dei vaksne var på vakt heile tida. Flokkar med måse gjekk også stundevis etter ei god regnskur på matauk på same staden. Kom dei for nære ungane, jaga mora etter dei. Eg trur, og såg, at måsen hadde stor respekt for vipa når ho kom sjøynande i lufta mot dei.

På eit utruleg lite område tett i hovudvegen trippa dei små på jakt. Dei må ha funne nok mat, for dei vaks.  Så kom tida med småflaksing og prøvefyking i same området, heilt til dagen kom og alle vipene var flogne vekk og alle fire ungane hadde overlevd.

Vipe i typisk flog (Foto:NRK)

Året etter, våren 2018 kom vipeparet att. Etter den vellukka fjorårshekkinga, la dei fire egg nett på same staden som sist. Bonden tok omsyn under spreiinga og det såg fint ut. Bortsett frå ein ting, eitt av egga var nok ikkje frøa og vart ikkje klekt. På marka på andre sida av vegen, var det framleis ikkje sådd i. Difor gjekk dei tre ungane etter kvart og «beita» seg store i fotefara til «syskina» sine frå i fjor. Eg såg aldri at dei vaksne vipene tok til seg mat, i alle høve ikkje der ungane fann sitt etande og ikkje i dagsljos. Ei stod heile tida vakt rett ved ungane, medan maken heldt seg lengre unna som eit slags«bakvakt». Vart det for stritt med å jaga vekk inntrengjarar, kom ho flaksande og på ny vart det ro og orden.

Etter førsteslåtten gjekk dei tre no større ungane mykje på nedsida i den nyslegne enga på matauk.

Men ein dag var berre to av ungane å sjå på marka. Kvar var det vorten av den tredje? Fleire dagar gjekk, og so kom meldinga om at ein halvt flygekunnig vipeunge låg daue i vegkanten, påkøyrd av ein bil. Ja, det har me visst heile tida, dei har levd farleg her i vegkanten. Dei to siste ungane flaksa ei stund til på jordet, så for ein dag å vera flogne bort.

Samstundes om våren dette året kom eit nytt vipepar og slo seg ned  på oppsida av vegen. Første reirstaden måtte dei røma på grunn av noko grøftearbeid. Eit par veker forseinka laga dei så nytt reir inne på atteleggjet, og la fire egg der.

Eg såg heller aldri at vipemor eller far nokon gong mata ungane sine. Nei, maten måtte dei finna sjølv frå minuttet dei«stavra» seg or reiret. Så også med desse fire «nøsta» som trippa og fann seg småkryp på atteleggjet. Denne «gjengen» heldt seg heilt oppe i kanten mot utmarka. Det var koseleg å fylgja med dei den veka eller to dei fekk leva. For ein dag var dei ikkje å sjå meir. Eg kikra i fleire dagar over heile området, men ingen små levande «dunballar» var å sjå. Det mest trulege er at dei vart etne opp. På Haugsgjerdet er det både rev og mår. Ved sjøen er det forresten mink, og måsen har slutta å hekka der for mange år sidan. Når vipeungane gjekk og beita på ein slik utsett stad som i skogkanten, vart det eit enkelt kveldsmål for dei som likar små fugleungar. Når ungane er borte, flyg også foreldra sin veg. Så var det vipetomt på Hoije for denne gong.

Så kom endeleg våren 2019. Me venta spent og fylgde med. Atteleggjet på oppsida var no sådd i, og den for vipa oversiktlege «beitemarka» var borte. Men den 18.mars kom endeleg fuglane. Ei vipa inspiserte den gamle reirplassen på nedsida, og ei som truleg var maken, heldt seg på oppsida. I tre dagar var dei i området. Så var det ingen å sjå i to dagar. Den 23. mars var to viper ved reirplassen på nedsida. Men berre for ein dagsvisitt. Me venta no å sjå dei dagleg, men nei. I 14 dagar var dei søkk vekk. Ein liten visitt den 6. april var det siste me såg av vipa på Haugsgjerdet i 2019.

Så kan ein spørja seg: Kvifor slo dei seg ikkje ned i år? Kan det vera det opne nypløygde markastykkjet som no var tilgrodd med gras att? Og at for nyklekte vipeungar vart det for lange avstandar til ope «matfat» andre stader?

Me tykte litt synd i vipa som kom att fleire gonger denne våren for å sjekka tilhøva. Det var liksom ho ikkje kunne tru det: «Nei, eg kan ikkje fostra opp ungane mine her likevel. Sørgjeleg, for dette var både ein god og stundom farleg stad å setja bu!»

Frå vitskapleg hald seiest det at vipa for tida klarar seg dårleg. I Noreg er hekkebestanden no mellom 7500 til 10000 par. Dette kan jo høyrast rimeleg mykje ut, men når den samla nedgongen i Noreg er på 75 % dei siste 15-20 åra,er det noko veldig gale!

Årsaka kan vera innanlands med meir intensivt jordbruk og nedgong i eigna hekkeplassar, men tilhøve under trekk og overvintring kan òg spela inn.

Oppe på Dalsmyrane på Bjoa har Lasse Asbjørn Tvedt drive gardsbruk i mange år. I mange år har han hegna trufast om vipa. Talet på vipepar har variert år om anna. Reir- stadane ute på jordet har han merka av med pinnar, og teke omsyn under møkaspreiing og slått om våren. Men ratt ofte vert reira røva for egg og ungar. Reven er hovudfienden til vipa her oppe, meiner Lasse Asbjørn. Det virkar som om reven ser seg ut der merkepinnane står og finn reiret om pinnane står for tett på. Reirrøvinga vart noko mindre når merkepinnen stod lenger vekke.

Eit anna avgjerande poeng for vipebestanden på Myrane er om det er nye attelegg i nærleiken for ungane å beita i. Det same som var tilfelle på Hauge.

Ei oppmoding til alle som har høve til det: Legg til rette for at me framleis kan ha vipa som gjest om vår og føresumrane frametter!

Ernst Arne Sælevik